Sølv og gull Johannes Thingnes Bø og Marius Vedvik slo begge den tidlegare rekorden i det 4,6 kilometer lange bakkeløpet i Olden.
(Foto: Roger Oldeide)

Sølv og gull Johannes Thingnes Bø og Marius Vedvik slo begge den tidlegare rekorden i det 4,6 kilometer lange bakkeløpet i Olden. Foto: Roger Oldeide

Rekordane sto i kø

Tre nye rekordar vart sett under Skarsteinsetra Opp i Olden laurdag.

Med tida 20,21 satt Marius Vedvik (Gular IL) ny rekord i det 4,6 kilometer lange motbakkeløpet opp til Skarsteinssetra i Olden. Han slo altså grundig den tidlegare rekorden på 22,40, satt av Helge Hafsås i 2012.

Debutant i Skarsteinsetra Opp, Johannes Thingnes Bø, sprang inn på en 2. plass med tida 20,43.

Parallellt med løparane var det og konkurranse for syklistane i konkurranseklassa. Stig Svalheim (44) frå Sandane sykkelklubb tok sigeren med rekordtida 18.39.

Ny rekord Her syklar Stig Svalheim frå Sandane sykkelklubb inn til ny rekord med tida 18,39. (Foto: Roger Oldeide)

Ny rekord Her syklar Stig Svalheim frå Sandane sykkelklubb inn til ny rekord med tida 18,39. Foto: Roger Oldeide

Motbakkeløpet satt og deltakarrekord i år. Totalt var det 190 deltakarar som tok turen opp dei 400 høgdemeterane laurdag. 35 av desse var i konkurranseklassa.

Meir om dette løpet, med resultatlister, i tysdagsavisa

Meir å lese på Fjordingen:

NM i rulleskiskyting

Johannes nummer to

– Brilliant måte å løyse det

Ein stryning fann løysinga med dumping av bilvrak i Hornindalsvatnet brilliant i 1977.

Planlegg veterantreff

For første gong vert det planlagt treff for veteranar i Sogn og Fjordane.