Trekkplaster Johannes Thingnes Bø stiller i Skarsteinsetra Opp på laurdag. (Foto: Nordic Focus)

Trekkplaster Johannes Thingnes Bø stiller i Skarsteinsetra Opp på laurdag. Foto: Nordic Focus

Thingnes Bø i Skarsteinsetra Opp

Verdsmeister i skiskyting, Johannes Thingnes Bø,  stiller på startstreken i Skarsteinsetra Opp som går av stabelen idag.

Starten er i Olden sentrum, og løypa er 4,6 kilometer lang med ein høgdeskilnad på 400 meter. Etter starten går løypa om lag to kilometer på asfalt før dei resterande 2,6 kilometrane blir tilbakelagt på grusveg og skogsveg.

– Alt er klart til folkefest i Olden, og ekstra kjekt at ein profil som Johannes Thingnes Bø stiller, seier Odd Kjetil Tonning i arrangørstaben. Han satsar på at det som tidlegare blir god deltaking og god stemning langs løypa.

– Dei siste par åra har det vore 40–45 stk. i konkurranseklassane, og om lag 130 i trimklassen, fortel Tonning.

Meir å lese på Fjordingen:

NM i rulleskiskyting

Johannes nummer to

– Brilliant måte å løyse det

Ein stryning fann løysinga med dumping av bilvrak i Hornindalsvatnet brilliant i 1977.

Planlegg veterantreff

For første gong vert det planlagt treff for veteranar i Sogn og Fjordane.