Stryn sine handballherrar er igjen klare for 2. divisjon etter opprykket i vår.

Det naturlege målet for klubben er å halde plassen i divisjonen. Den nye trenaren, Olli Sveinsson (ex-Jotun), rår over ein liten stall, men han har likevel tru på at laget kan overleve.

– Vi har eit ungt lag, men eg er imponert over spelarane og det at bygda har eit lag på dette nivået. Vi har heilt klart spelarar på laget som vil kunne hevde seg i divisjonen, seier Sveinsson. Dei fleste har då også erfaring frå sist Stryn spelte i divisjonen.

Sveinsson veit lite om nivået i divisjonen og avdelinga Stryn skal spele i, men han seier at fleire av klubbane satsar hardt og har god kvalitet.

Utfordringar

Fleire av strynespelarane bur vekke grunna studiar og jobb, og islendingen legg ikkje skjul på at han gjerne skulle hatt fleire i troppen. Pr. i dag tel ikkje stallen meir enn 15–16 spelarar.

– Eg kunne sjølvsagt tenkt meg fleire spelarar, då kunne vi fått trent meir på ting vi vil bruke i kamp, seier Sveinsson.

Håvik tilbake

Stryn sin gode målvakt dei siste sesongane, Ivan Karabatic, blir ikkje med denne sesongen. Oddbjørn Håvik har imidlertid flytta tilbake til Stryn etter nokre sesongar i Bergen Vest, og Håvik blir truleg ei viktig brikke som bakarste mann.

– Eg ser fram til utfordringane vi får i 2. divisjon, seier 25-åringen, som kjenner fleire av Bergenslaga Stryn skal møte komande sesong.

Ny i klubben er også Lovro Kresic (20). Kroaten kjem frå spel for Tynset i 2. divisjon.

– Vi må trene mykje, og vi må gje 100 prosent om vi skal overleve, seier den kroatiske bakspelaren.

Trenar Sveinsson rår over eit mannskap med mange spennande lokale spelarar. Likevel vil laget truleg vere avhengig av at Leon Pavlovic held fram som i fjorårssesongen.

Stallen

Oddbjørn Håvik (25), Mohammad Aljajeh (16), Nicolas Bakkebø (26), Anders Eikenæs (22), Olav Mathias Flo (21), Albert Fure (18), Marcus Hool (19), Julian Hove (20), Lovro Kresic (20), Leon Pavlovic (25), Gunnar Sigurdsson (32), Kristian Høgalmen Stang (20), Andreas Flo Tonning (19), Anurathan Velalakan (20), Runar Walaker (21), Kenneth Aaland (21).

Serieopning søndag

Stryn opnar sesongen mot Stord Elite i Strynehallen søndag. Allereie komande onsdag kjem Bergsøy til Stryn.

Albert Fure (t.v.), Oddbjørn Håvik, Runar Walaker og Nicolas Bakkebø med siste finpuss før seriestart søndag. Foto: Thomas Thaule