Då dørene opna til vallokala i Stryn kulturhus midt på dagen i dag hadde det alt danna seg ein kø av veljarar i vestibylen.

Nytt av året er at kommunaldepartementet krev at alle kommunar av sikkerheitsomsyn har manuell teljing av røystene.

– For oss er dette ikkje noko nytt, vi har alltid hatt manuell teljing. Så det einaste nye for vår del er at vi har elektronisk avkryssing i manntalet. Det vil seie at du ikkje treng å røyste i din eigen valkrins, så lenge du held deg i di eiga kommune, forklarer leiar av røystestyret i Stryn, Oddvar Nybø.

Først ut: Malene Lilleheim var den første til å putte valsetelen i urna då røystelokala i Stryn kulturhus opna måndag. T.v. Bjarne Svarstad, valfunksjonær med 30 års røynsle. Først frå Faleide krins, så Markane krins, og no som funksjonær i vallokala i Stryn.

Følg med på valstoffet på Fjordingen si nettside utover kvelden og morgondagen!