Klare: Leiar for røystestyret, Oddvar Nybø t.h. saman med valfunksjonærane Wenche Blaalid, Magnus Vinsrygg, Aase Elin Ringstad Øvreberg, Ruth Mona Vik, Bjørnar Lødøen og Bjarne Svarstad i vallokala i Stryn kulturhus.
            (Foto: Gunnhild Sindre)

Klare: Leiar for røystestyret, Oddvar Nybø t.h. saman med valfunksjonærane Wenche Blaalid, Magnus Vinsrygg, Aase Elin Ringstad Øvreberg, Ruth Mona Vik, Bjørnar Lødøen og Bjarne Svarstad i vallokala i Stryn kulturhus.Foto: Gunnhild Sindre

I full sving med å ta hand om valet

.

Då dørene opna til vallokala i Stryn kulturhus midt på dagen i dag hadde det alt danna seg ein kø av veljarar i vestibylen.

Nytt av året er at kommunaldepartementet krev at alle kommunar av sikkerheitsomsyn har manuell teljing av røystene.

– For oss er dette ikkje noko nytt, vi har alltid hatt manuell teljing. Så det einaste nye for vår del er at vi har elektronisk avkryssing i manntalet. Det vil seie at du ikkje treng å røyste i din eigen valkrins, så lenge du held deg i di eiga kommune, forklarer leiar av røystestyret i Stryn, Oddvar Nybø.

Først ut: Malene Lilleheim var den første til å putte valsetelen i urna då røystelokala i Stryn kulturhus opna måndag. T.v. Bjarne Svarstad, valfunksjonær med 30 års røynsle. Først frå Faleide krins, så Markane krins, og no som funksjonær i vallokala i Stryn.
            (Foto: Gunnhild Sindre)

Først ut: Malene Lilleheim var den første til å putte valsetelen i urna då røystelokala i Stryn kulturhus opna måndag. T.v. Bjarne Svarstad, valfunksjonær med 30 års røynsle. Først frå Faleide krins, så Markane krins, og no som funksjonær i vallokala i Stryn.Foto: Gunnhild Sindre

 

Følg med på valstoffet på Fjordingen si nettside utover kvelden og morgondagen!

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Aksjon for sterkare jordvern

Fine ord er ikkje nok for å ta vare på matjorda her i landet, meiner ei rekkje bonde-, miljø- og jordvernorganisasjonar. Torsdag overleverte dei eit opprop til sentrale politikarar med klare krav om sterkare vern for matjorda.