Kampklar Stryn sin kaptein, Vegard Sæten Hopland, er klar til kamp igjen når Florø 2 kjem på besøk måndag. (Foto: Roy Aron Myklebust)

Kampklar Stryn sin kaptein, Vegard Sæten Hopland, er klar til kamp igjen når Florø 2 kjem på besøk måndag. Foto: Roy Aron Myklebust

Stryn vil tilbake på vinnarsporet

Det er duka for måndagskamp når Stryn tek i mot Florø 2 i denne serierunden, og revansjelysta er stor etter at Stryn tapte lokalderbyet mot Eid sist helg.

Etter 2–3 mot Eid må Stryn raskt tilbake på vinnarsporet, men med fire mann ute grunna karantene må trenar Johann Sigurdsson og assistent Martin Knutsen Dolvik gjere fleire rokeringar. Høgreback Justinas Busmic, høgrekant Tanel Melts, midtbanespelar Mathias Garlid og midtstoppar Erling Tenden Myklebust må alle stå over etter at dei hamna i dommaren si bok mot Eid. Spesielt høgresida med Busmic og Melts har vore god siste tida, så her får Sigurdsson ei utfordring. Det positive er at kaptein Vegard Sæten Hopland igjen er klar for spel etter å ha vore på reise.

– Vi har ikkje heilt bestemt oss enno for korleis laget blir, og vi må sjå om Lars Midthjell Gjørven blir klar, han slit litt med leggane. Vi vil uansett revansjere oss frå sist helg, så her blir det bånn gass, seier Sigurdsson. Stryn har no tre heimekampar (Florø 2, Skavøypoll og Vik) før neste bortekamp mot Førde 2. Deretter står Sogndal 2 for tur før sesongavsluttinga borte mot Årdal.

Meir å lese på Fjordingen:

NM i rulleskiskyting

Johannes nummer to

– Brilliant måte å løyse det

Ein stryning fann løysinga med dumping av bilvrak i Hornindalsvatnet brilliant i 1977.

Planlegg veterantreff

For første gong vert det planlagt treff for veteranar i Sogn og Fjordane.