Stryn sine handballherrar i 2. divisjon måtte sjå seg slått med to mål i ein jamn og spennande serieopning mot Stord søndag. I kveld er det duka for ny kamp, denne gong er det Bergsøy som kjem til Stryn.

Trenar Olli Sveinsson forventar ein ny tøff kamp på heimebane:

- Bergsøy er eit av dei laga som vi kan utfordre dersom vi har ein god dag. Vi går for to poeng, men må gire opp litt i forhold til kampen på søndag. Fokuset er det same, og vi må vere disiplinerte i så mange fasar av spelet som muleg.

Strekspelar Runar Walaker trakka over tidleg i første omgang mot Stord og blir ikkje klar til kveldens kamp. Anurathan Velalakan er heller ikkje tilgjengeleg. Kenneth Aaland er derimot klar til kamp.

- Laget vårt skal vere like sterkt som sist, avsluttar Sveinsson.