I den smale passasjen mellom Petit frisør og Stryn bokhandel ved Tonningsgata i Stryn sentrum, forsvann det eit kumlokk natt til søndag. Etter at Fjordingen omtalte det spesielle tjuveriet søndag har Stryn kommune undersøkt saka.

Kumloket dekkjer ein privateigd septiktank, og det skal ikkje vere eigaren som har fjerna loket. Kommunen har no lagt på nytt lok.

– Det er faktisk ikkje første gong at dette skjer i Stryn. Det er ein rar hobby som kan vere veldig farleg. Om nokon ramlar ned i ein septiktank så kan det vere slutten. No er i alle fall holet tetta, seier avdelingsleiar for kommunalteknikk i Stryn kommune, Anders Maurset.