Ubegripeleg – Den som har fjerna kumlokket må ha lagt ned litt innsats. Eg kan ikkje forstå poenget, seier Roger Frøholm som eig bygget der Stryn bokhandel høyrer til.
(Foto: Roger Oldeide)

Ubegripeleg – Den som har fjerna kumlokket må ha lagt ned litt innsats. Eg kan ikkje forstå poenget, seier Roger Frøholm som eig bygget der Stryn bokhandel høyrer til. Foto: Roger Oldeide

Kumlokk stelt frå Stryn sentrum

- Det er ikkje første gong, seier avdelingsleiar for kommunalteknikk i Stryn kommune

I den smale passasjen mellom Petit frisør og Stryn bokhandel ved Tonningsgata i Stryn sentrum, forsvann det eit kumlokk natt til søndag. Etter at Fjordingen omtalte det spesielle tjuveriet søndag har Stryn kommune undersøkt saka.

Kumloket dekkjer ein privateigd septiktank, og det skal ikkje vere eigaren som har fjerna loket. Kommunen har no lagt på nytt lok.

– Det er faktisk ikkje første gong at dette skjer i Stryn. Det er ein rar hobby som kan vere veldig farleg. Om nokon ramlar ned i ein septiktank så kan det vere slutten. No er i alle fall holet tetta, seier avdelingsleiar for kommunalteknikk i Stryn kommune, Anders Maurset.

Meir å lese på Fjordingen:

NM i rulleskiskyting

Johannes nummer to

– Brilliant måte å løyse det

Ein stryning fann løysinga med dumping av bilvrak i Hornindalsvatnet brilliant i 1977.

Planlegg veterantreff

For første gong vert det planlagt treff for veteranar i Sogn og Fjordane.