Saka vart handsama av Stryn formannskap tysdag og tilrådinga frå rådmannen var at ei investorgruppe i Olden med Asbjørn Flåten, Erik Flåten og Andre Oppheim skulle få tilbod om kjøp av den nye sentrumstomta.

Investorgruppa har skissert planar for utbygging av leilegheiter på Oldenleirane.

Formannskapet meinte at kommunen burde gå yttarligare i dialog med Olden Bryggeri AS som og var til stades under møtet tysdag. Torstein Tvinnereim (V) la fram følgande vedtak som berre Klemet Bø (Krf) røysta mot;

Oldenleirane I Olden sentrum. Foto: Roger Oldeide

Saka kjem tilbake til formannskapet så snart resultatet av samtalane mellom partane er klar.

Olden Bryggeri AS skal legge fram ein plan om korleis dei tenkjer å utnytte eit eventuelt delareal på den om lag 9 dekar store tomta som ordførar Sven Flo omtalar som indrefileten i Olden sentrum.

Formannskapet vedtok altså utsetting, men ordførar Sven Flo var tydeleg på at han ønska fortgang i prosessen.

– Vi ønskjer utvikling av denne tomta snarast, sa han.

Dei tre som har hadde meldt interesse for området er:

1: Investorgruppe i Olden med Asbjørn Flåten, Erik Flåten og Andre Oppheim.

2: Olden Bryggeri.

3: Endre Muri.