Det er nemleg nedfelt i Grunnlova at Norge skal ha 19 valdistrikt. Skal Grunnlova endrast må det handsamast i to ulike storting, skriv NRK.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på vallova. Dei skal vere ferdige med arbeidet sitt i 2019. Dermed kan det tidlegast bli felles stortingsval i 2025.

– Vi veit framleis ikkje kva som blir resultatet. Det er slett ikkje sikkert at valdistrikta vil følgje dei nye regionane. Kanskje held vi på dei gamle valdistrikta. Det veit vi ikkje no, seier professor og valekspert Bernt Aardal, som og sit i vallovutvalet, til NRK.

(©NPK)