Det har lenge ryktast at Hornindalsvatnet frå gamalt av skal ha fungert som søppelplass for ymse avfall. I eit forsøk på å få eit bilete på korleis det faktisk ser ut under vatnet, tok Fjordingen med dykkarfirmaet O.E. Hagen ut til den stupbratte Kjøshammeren;

den mest eigna plassen for dumping av avfall.

Avansert ubåt

Ved hjelp av ein avansert ROV-ubåt (Remotely operated vehicle) med kamera og lys, begynte skrot-jakta. Før ubåten, som kan dykke ned til over 1.000 meters djup, vart sjøsett, var vi usikre på kva vi ville finne, om noko.

Det tok likevel ikkje meir enn nokre minutt før diverse gjenstandar dukkar opp på monitoren.

Allereie før vi er nådd 30 meters djup dukkar den første bilen opp på skjermen om bord i flåta. Bilen er tydeleg ein Volkswagen «Boble» av tidleg årgang.

Bil-kyrkjegard

Nye bilar dukkar opp. Bilar og mengder med skrapmetall har lagt seg til på nokre hyller i fjellet på mellom 25 og 90 meters djupne.

– Her er ein lastebil, seier arbeidsleiar ved O.E. Hagen, Tore Vie som styrer ubåten tett inntil førarhuset på den gamle lastebilen. Motoren er borte. Om den ligg djupare, eller vart demontert før bilen vart dumpa veit berre dei som dumpa den.

Bil etter bil dukkar opp på monitoren. Nokre er relativt heile, andre er ribba for både motor og dører. Felles for dei alle er at dei er av eldre årgang og manglar registreringsnummer.

– Om eg ikkje tek heilt feil, så er dette ein Opel Kaptein, seier Vie om ein bil.

Kult-bil parkert på 34 meter

Plutseleg dukkar det opp eit slags fjes i grumset på monitoren.

Det er ikkje ein sjøorm som nokre meiner bur her, men fronten på ein Volkswagen Buss T1. Ifølge Wikipedia vart denne modellen produsert mellom 1950 og 1967. Bilen har i dag kultstatus.

– Det er sikkert folk som kunne tenkt seg å få denne heva, kommenterer Jens Helgheim. Over heile sida på den vesle bussen står det skriven «Barnevogn».

– Kanskje har dette vore ein russebil. Det er sikkert folk som kan dra kjensel på denne, seier Vie.

Søppeldynge

Etter om lag fire timar med inspeksjon blir ubåten heisa om bord. Mykje av skrotet som vart observert var ikkje råd å identifisere, anna enn at det var menneskeskapt.

På notatblokka er i alle fall følgande objekt registrert:

10–12 bilar, derav to lastebilar. Ein omn av typen «Jøtul». Ei seng, ein båt, eit par syklar, sko, eksospotter, fleire målingsspann, eit par tønner med ukjend innhald, haugevis av bildelar og anna jarnskrap.

– Det var interessant å sjå, men vi har nok berre sett eit fragment av det skrotet som finst der nede, seier Helgheim.

- Kommunen må sjølv vurdere tiltak

Fylkesmannen seier at det er kommunen som er ansvarleg for å vurdere skrot som kan utgjere miljørisiko.

– Bilvrak, som det er snakk om her, er absolutt ikkje bra. Det er mykje som lekk ut av diverse væsker. Bremsevæske, bensin og dielsel etc. Det ideelle er alltid å heve slike vrak. Ved ukjende eigarar, er det kommunen som må ta stilling til eventuelle tiltak, seier miljøvernsjef ved Fylkesmannen, Nils Erling Yndestad til Fjordingen.

Han seier at Fylkesmannen kan hjelpe kommunar med råd og vegleiing, men har sjølv ikkje nokon praktisk rolle i slike saker.

– Kommunen må sjølv ta ei teknisk og skjønnsmessig vurdering. Eventuell heving må gjerast for kommunen si rekning, seier Yndesdal.

Opnar for undersøking

Lensmannen i Stryn seier det er aktuelt å opne for undersøking etter funna ved Kjøshammeren.

– Om det blir heva vrak, så vil vi opne etterforsking av miljøkriminalitet. I den grad bilvrak kan sporast, så er dette aktuelt, seier lensmann i Stryn og Hornindal, Lasse Trosdahl. Alt tyder på at søppeldumpinga ligg langt tilbake i tid, men lensmannen kan ikkje på ståande fot seie noko om forelding av slike saker.