Torsdag midt på dagen er det klart for opning av fv 60 gjennom Utvik. Gjennomfartsvegen vart totalt rasert i storflaumen 24. juli. Sidan den gong har det pågått eit omfattande arbeid med å byggje opp vegen og sikre både vegen og elva.

Medan dette arbeidet har pågått, har trafikken gått med ledebil på omkøyringsvegen gjennom Hage.

Målsetjinga for Statens vegvesen var å opne fv 60 20. september. Men Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen seier entreprenørane trengte nokre få timar meir for å bli klare.

- Det står att noko asfaltering og rekkverksarbeid. Onsdagen går med til dette. Omkøyringa fungerer såpass godt at det ikkje er nokon krise. Det er betre å vere sikre på at vi kjem i mål, seier Karlsen.

Vegen vert opna med eitt lag asfalt. Så er vegvesenet i full gang med å leggje asfalt over heile Utvikfjellet. Når asfalteringa kjem fram til Utvik, vert det eit lag nummer to også på vegen som er bygd opp, og heilt gjennom Utvik sentrum.

- Korleis har arbeidet gått?

- Det har gått bra - omfattande og hektisk på eit lite område. Vi er ikkje ferdige, og vil halde fram blant anna med å sprengje oss ned i elveløpet i vekene framover, seier Karlsen.