Natt til søndag vart Lund stadion i Oppstryn utsett for hærverk, då ein bil har køyrt ut på bana og sladda fleire stader.

Bana blir mykje brukt til dagleg av både idrettslaget, skulen og barnehagen til ulike aktivitetar, og det var eit trist syn som møtte brukarane søndag føremiddag.

I kveld møter Oppstryn Loen/Vikane til lokaloppgjer i 6. divisjon, og spelande trenar Tarald Harstad fortel at kampen vil gå som planlagt.

- Spora er heldigvis ikkje altfor djupe, så kampen vil gå som oppsett.

Idrettslaget har meldt forholdet til politiet.

Bilen har lagt igjen tydelege spor etter seg. Foto: Oppstryn IL