– Eg hadde aldri i verda trudd at eg skulle hamne i den kategorien der, og forstår det enno ikkje, seier Sætren.

Det var barnebarnet, Ingeborg, som hadde henta posten og som gjorde bestemora merksam på at det var kome brev frå Kongen.

«H.M. Kongens hoffsjef har ifølge befaling den ære å innby Aashild Sætren til afternoon-tea». Slik startar den enkle, men elegante invitasjonen. Til venstre for teksten Norges våpenskjold i gullfarga trykk.

– Eg såg det var eit spesielt brev, smiler 73-åringen.

Starta gågruppe

Samankomsten finn stad på Slottet 17. oktober, og det er eldsjeler frå heile landet som er inviterte.

– Eg likar å vere aktiv, og då innan alt muleg. Men om eg er eldsjel, det veit eg ikkje, seier Sætren.

Men når vi spør litt nærare om kva ho har engasjert seg i, skjønar vi at det ikkje er få timar ho har lagt ned i det frivillige arbeidet. Kvar onsdag er ho med og lagar seniortreff på omsorgssenteret, ho er med og køyrer ut mat til eldre i kommunen, ho er aktiv i Bygdekvinnelaget, hjelper til i kaféen ved Hornindal skisenter og i heile 20 år jobba ho ved Huset Vårt, mykje av dette som dugnad. Innimellom tek ho også på seg vikartimar ved skulen der den tidlegare husstellæraren underviser i faget Mat og helse.

Sætren har dessutan stått for eit viktig bidrag til folkehelsa i heimbygda. Saman med Norunn Tomasgård starta ho for fem år sidan ei gågruppe for kvinner.

– Vanlegvis er vi 14-15 som stiller kvar gong, av og til opp mot tjue. Då går vi halvannan til to timar, og av og til blir det tur på kafé etterpå, fortel den spreke honndølen.

– Som pensjonist tykkjer eg at eg har god tid og eg likar ikkje å sitje i ro.

– Kjekt om eg kan hjelpe nokon

Kva som er drivkrafta bak innsatsen ho legg ned, svarar ho slik på:

– Det gjev meg mykje og det er kjekt å kome ilag med andre folk. Og det er kjekt om eg kan hjelpe nokon.

– Visst du får høve til å snakke litt med kongeparet, har du tenkt kva du vil seie? spør vi.

– Då vil eg seie til Dronninga at ho er velkomen opp på Honndalsrokken ein gong til, og Kongen til Hornindalsvatnet for å fiske.