- Venstre blør i Distrikts-Norge. Frp-samarbeidet er ei hovudårsak, seier nestleiar Terje Breivik til Nationen.

Venstre-nestleiar meiner fall i distrikta kjem av Frp-samarbeid

Frp-samarbeidet er éi av to hovudforklaringar på tilbakegangen i distrikta, meiner Breivik.

– Senterpartiet klarte å overtyde folk om at dei har ein betre distriktspolitikk. Eg får også mange tilbakemeldingar om at folk er skeptiske til Frp-samarbeidet, seier han til [URL]Nationen;http://www.nationen.no/politikk/forklarer-distriktstap-med-frp-samarbeid/[/URL].

Han vil ikkje seie kva han meiner om framtidig Frp-samarbeid.

I førre stortingsperiode hadde partiet fire representantar frå Vestlandet. Dei neste fire åra må nestleiar Terje Breivik frå Hordaland representere regionen åleine. I Breiviks heimbygd Ulvik vart Venstre halvert, og enda med 10 prosent av stemmene.

Venstre gjekk tilbake i alle fylke unntatt Oslo, Akershus og Finnmark. Tilbakegangen er størst i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag.

(©NPK)