- Dette er berre ufatteleg trist. At eventyret som vi starta no er over, seier Simen Staalnacke til Fjordingen, etter at det gjekk ut melding om at Moods of Norway er konkurs.

Etter at det starta i det små med to karar som gjekk rundt med ein kleskolleksjon med T-skjorter med oljeplattformer og traktorar på i ryggsekken og prøvde å selje seg inn, hadde Moods of Norway ei enorm utvikling. Spektakulære og svært populære visningar og show, fleire OL-kolleksjonar, opning av ei rekkje eigne butikkar i inn - og utland.

- Kva skjer vidare no?

- Vi sit i møte med bustyrar no, og kva som skjer heretter er heilt opp til bustyrar, seier Staalnacke.

Det er ikkje vanskeleg å høyre på røysta hans at det har vore ein dag med sterke kjensler.

- Dette med arbeidsplassane er veldig vondt. Vi har informert alle dei tilsette tidlegare i dag, og det har vore eksepsjonelt trist. Samtidig må vi av heile vårt hjarte takke alle som har vore med oss på denne fantastiske reisa. For i 11 av desse 14 åra har dette vore eit eventyr, vi føler vi verkeleg har satsa og skapt noko unikt. Då er det berre trist at eventyret skulle slutte slik.