Tala kjem fram i ei doktorgradsavhandling skriven av Solveig Havstad Winswold ved Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo. Ho har sett på kart frå perioden 1947–1985 og samanlikna dei med satellittbilde tatt mellom 1999 og 2006. Ut frå dette har ho komme til at arealet til dei norske isbreane har minka med 11 prosent på 30 år, skriv nettstaden til universitetet Titan.

Kvart år har 11 kvadratkilometer smelta bort.

– Dei fleste norske isbrear minkar betrakteleg i størrelse, noko som er eit tydeleg teikn på at klimaet blir varmare. Å kartleggje brear og måle endringar er viktig fordi det er ein indikator på korleis klimaet endrar seg – og også for å finne ut kor mykje havnivået vil stige, seier Winsvold, som til dagleg arbeider som breanalytikar i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), til nettstaden.

Endringane er størst i nordlege deler av landet.

Winswolds doktorgradsavhandling handlar om nye metodar for å kartleggje isbreane ved hjelp av satellittsensorar.

(©NPK)