- Styret i Moods of Norway AS og MoodsWholesale AS har i dag meldt frivillig oppbud, dette kjem fram i ei pressemelding frå selskapet sendt ut onsdag ettermiddag.

Moods of Norway harde siste åra slitt med dårleg lønsemd. Resultatet før skatt i2016 vart på minus 30 millionar. Rekneskapen per august 2017 viser framleis negativ utvikling. Selskapet sin bank sa denne veka oppkreditten til Moods of Norway, og det har ikkje lukkast dei å hente nykapital innan den tidsramma dei fekk.

Elleve gode år

Blant årsakene tilsvakare lønsemd dreg selskapet fram dei internasjonale satsingane ogvarekostnader i amerikanske dollar, samt valutaeksponeringa som ytterlegere har forverra ein frå før pressa økonomisk situasjon.

- Klesindustrien er ein tøff bransje med hard konkurranse og pressamarginer. Selskapet har jobba med å kutte kostnader ogeffektivisere drifta, og med å vidareutvikle merkevaren. Dette hardessverre ikkje gitt tilstrekkelig effekt, står det i pressemeldinga.

- Moods of Norway harvore eit fantastisk, norsk gründereventyr i 11 av dei 14 åra selskapet har eksistert. Vi vil takke alle som har vore med oss pådenne ferda. Vi skulle av heile vårt hjerte ønske at detteeventyret fekk ein lukkeleg slutt, seier Moods-gründer og designerSimen Staalnacke.

100 tilsette råka

Dei ca. 100 medarbeiderne på Moods of Norway sinekontor i Stryn og Oslo, og i 18 Moods-butikker over heile landet,blei informert om konkursen i dag. Det er no opp til bustyrer kvasom skjer med vidare drift av selskapa og butikkane.

- Dette erein utruleg trist dag for alle i Moods of Norway. Gründerane ogstyret vil takke alle våre tilsette for den utruleg gode jobben deihar gjort i ei så turbulent tid, seier Staalnacke.

Konkursenomfattar Moods of Norway AS og Moods Wholesale AS. Drifta iselskapa Brandstad, Moods Sverige og Moods USA held fram somnormalt.

- Styret har arbeidd med å sikre fortsatt drift i Moodsof Norway AS, blant anna gjennom tilførsel av ny kapital. Styrethar ikkje lukkast i dette arbeidet og såg dessverre  ingen annanutveg enn å begjære selskapa konkurs, seier styreleiar Jan EgilFlo i Moods of Norway AS.

Tusen, tusen takk for dansen, avsluttar dei pressemeldinga.