NoMil (Nordfjord Miljøverk) har avtale med RenoNorden om avfallshandteringa. Konkursen i selskapet råkar difor også kundane i Nordfjord.

Adm. direktør, Inge Bent Arnestad, kan ikkje seie så mykje konkret om konsekvensane dette får.

- Eg har dessverre ikkje all verda med informasjon å dele. Der er ein bustyrar som jobbar med å får oversikt over konkursbuet til selskapet. Vi har ikkje fått endeleg avklaring om bilane og mannskapet som er stasjonert i Nordfjord, seier Arnestad.

Trass konkursen håpar han at kundane skal få utført sine renovasjonstenester dei næraste dagane.

- Vi har ein avtale som gjeld til den blir endra av bustyrar. No håpar vi på snarleg avklaring og skal gjere vurdering for vegen vidare. Men vi har lite påverknad i høve i dette, men reknar med dei jobbar så godt dei kan, seier Arnestad.