Ordførar i Stryn, Sven Flo, legg ikkje skjul på at han er veldig lei seg for at Moods of Norway frå Stryn meldte oppbud i dag onsdag.

- Moods har vore eit eventyr. Dei har vore veldig gode på å marknadsføre både Stryn og vår region på ein veldig god måte. Dei har skapt mykje positivitet og glede, så dette er ein mørk dag, seier Flo til Fjordingen.

Flo vil ta kontakt med leiinga i Moods og snakke med dei om vegen vidare.

- Men først og fremst er det no er viktig å vise omsorg for alle dei som mister arbeidsplassane sine i Moods-systemet, seier Flo.

Dei tilsette i selskapet har fått beskjed om at selskapet går til skifteretten