Konkret vart det i Fellesnemnda diskutert tilsetjing av to fulltidsstillingar, ei knytt til arkiv- og sekretærtenester, ei anna til IKT. I saksutgreiinga dreg ein fram det enorme arbeidet som ventar med avslutning av dagens arkiv i dei to kommunane, samstundes som ny arkivordning skal byggjast opp.

Sjølv om det var brei semje om at mykje meirarbeid ventar i ein overgangsperiode, var det også ein viss skepsis til oppretting av dei nye stillingane.

– Vi kan ikkje øse opp og byggje ut, vi må vere kritiske. Vi skal ikkje ha ein stor stab av overflødige funksjonar den dagen vi opnar nye Volda kommune, sa mellom anna Odd Arne Folkestad frå Volda Frp.

Også Eldar Engelund frå Hornindal Sp uttrykte ein viss skepsis til å utvide mannskapet.

– Ein kjem ikkje unna at det er å spare pengar og drive meir effektivt som er hovudmålsetjinga med ei slik samanslåing. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at ein treng ekstra på IKT, men kanskje heller tilsette på prosjektbasis til ein får på plass ein IKT-plan, kommenterte Englund.

– Eg foreslår å tilsetje fast for å få dei beste folka, var svaret frå prosjektleiar og komande rådmann i den nye kommunen, Rune Sjurgard.

– Vi må investere før gevinst

I tilrådinga frå han heitte det at «stillingane vert utlyste som faste stillingar med siktemål om å innfase desse innanfor kommunane si årsverkramme i ny kommune». Dette ville Folkestad ha endra til « si samla eksisterande årsverkramme for dei to kommunane».

– Vi må investere for å kunne ta ut ein gevinst. Det er lett å forvente gevinst berre ved at ein blir ein kommune, sa Sjurgard, som også understreka behovet for å setje seg klare mål om ein skal lukkast med å hente ut desse gevinstane. Han påpeika også kor sentralt IKT vil stå i utviklingsarbeidet framover, og det lange stykket ein har å gå samanlikna med til dømes bankvesenet, som allereie på tidleg 90-tal byrja å automatisere tenester.

Brynhild Lund Notøy (V) var også oppteken av at ein ikkje ser heile bildet enno når det gjeld oppgåver i den nye kommunen, og at ein ikkje kan vere for standhaftige på at organisasjonen ikkje skal vekse.

Prøvevotering over framlegget frå Folkestad fekk berre hans eiga røyst.

KOMANDE RÅDMANN: Rune Sjurgard, prosjektleiar og komande rådmann i nye Volda kommune. Foto: Roy Aron Myklebust