Konkursen til klesprodusenten Moods of Norway rystar mange. Kjersti Kvamme i Riccovero er blant dei som tykkjer nyheita om bransjekollegaen er tung å ta innover seg.

- Dette er veldig trist for dei som jobbar der, for alle i Stryn og Nordfjord og også for oss i Riccovero som mister ei lokal dyktig kollegabedrift som verkeleg har gjort mykje bra og spennende. Ein ekstra varm tanke til tre heilt fantastiske gründerar, seier Kvamme.