– Vi er svært glade for at vegen no opnar att. Vi vil også takke Statens vegvesen som har stått på, og framleis står på, for å få dette til, seier fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Det kjem fram i ei pressemelding frå fylkeskommunen og vegvesenet.

Det vil fortsatt vere arbeid med å stelle til areal rundt vegen, samt det går føre seg arbeid med å sprenge ut fjell i elveløpet.

Asfaltering går også føre seg for fullt på strekninga over Utvikfjellet, før siste rest med asfalt skal leggast nede i Utvik.

– Som følge av desse arbeida må bilistar framleis rekne med litt hindringar og korte stopp i trafikken, seier Lars Erik Karlsen, som er prosjektleiar drift og vedlikehald Fjordane, i Statens vegvesen.