GPS-signal, ein kvinande lyd og ein lett straumpuls kan hindre geiter i å stikke av og kanskje gjere innhegningar overflødige. No prøver forskarar å finne ut om utstyret plagar geitene, fortel NRK.

Mellom 10 og 15 geitebesetningar er med i prosjektet NoFence, som Noregs miljø og biovitskaplege universitet på Ås har sett i gang. Geitene har på seg ein klave rundt halsen, som først gir frå seg eit varsel, og så eit elektrisk støyt dersom geitene går utanfor det oppsette området. Utstyret fungerer altså som eit usynleg gjerde. I GPS-systemet er det definert kva slags område geitene kan bevege seg i.

– Det ser ut som om geitene tek opp att normal åtferd relativt fort etter at dei har blitt utsette for lyden og den elektriske støyten, seier forskar Silje Eftang frå NMBU på Ås til NRK. Ho er sivilagronom og skal no finne ut korleis utstyret påverkar geitene.

– Forskingsprosjektet er unikt fordi vi samlar inn data frå mange ulike besetningar. Det er mange dyr med i forsøket. Men det er ikkje opp til oss å konkludere noko vidare, seier Eftang.

Forskingsarbeidet skal gå føre seg nokre veker til. Etter dette skal det leggjast fram ein rapport. Konklusjonane skal truleg vere klare innan årsskiftet.

(©NPK)