Tre av fire familiar har aldri hatt brannøving heime, ifølge ei ny undersøking.

Medan berre ein av fire har hatt brannøving heime (26 %), seier fleire at dei i det minste har snakka om kva dei skal gjere i tilfelle brann (64 %), ifølgje undersøkinga som Kantar TNS nyleg har utført for Norsk brannvernforening, DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) og forsikringsselskapet If.

– Det uroar oss veldig at så mange ikkje har trena på kva ein skal gjere ved brann. Det er for seint å oppdage at teori og praksis ikkje stemmer overeins når kjøkenet eller stova står i full fyr. Eit lite branntilløp utviklar seg raskt til full overtenning, så her må alle handle riktig frå første stund, seier konserndirektør Morten Thorsrud i If, i ei pressemelding.

Få avtalar møtestad

Berre ti prosent av husstandar med to eller fleire personar har avtalt møtestad utandørs i tilfelle brann, ifølgje spørjeundersøkinga. Dette skremmer brannvesenet:

– Ved brann blir det fort kaotisk, og det er lett å komme bort frå kvarandre. For oss i brannvesenet er det eit skrekkscenario at folk spring tilbake inn i brennande hus for å leite etter familiemedlemmar som kanskje har kome seg ut andre vegar. Derfor er det å avtale ein fast møtestad utanfor bustaden noko av det enklaste og viktigaste ein kan gjere, seier John Jatgeir Vinsrygg, brannsjef i Stryn brannvesen.

If har utvikla mobilspelet Brannleken.no, som skal hjelpe barnefamiliar til å gjere brannøvinga til ein morosam familieaktivitet.

Opne brannstasjonar

På rundt 350 stadar over heile landet inviterer brannvesenet til Open brannstasjon. Dette er lagt opp som ein familieaktivitet, der barn og vaksne får opplæring i korleis ein kan sikre heimen mot brann. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein kan oppleve.

– Open brannstasjon har blitt en fin tradisjon som gir oss eit unikt høve til å formidle brannførebyggjande bodskap til eit interessert publikum. Vi gleder oss, og håper mange kjem på besøk, seier brannsjefen i ei pressemelding.

Brannvernveka blir arrangert av Norsk brannvernforening, DSB og If Skadeforsikring i samarbeid med brannvesenet.