Takk for dansen, seier toppleiinga i Moods of Norway, som avslutning på pressemeldinga om at selskapet er konkurs. Den triste bodskapen om at Moods of Norway og Moods Wholesale AS er konkurs, slo ned som ei bombe både i Stryn, Sogn og Fjordane og i heile mote-Norge. Vel visste vi alle at Moods har slite økonomisk. Over 70 millionar kroner i samla tap på tre år er store tal. Likevel levde dei fleste i håpet og trua på at selskapet skulle klare å rette opp skuta og få økonomien på stell igjen.

Denne veka ville ikkje Sparebanken Sogn og Fjordane vere med lenger. Dei sa at nok er nok, og sa opp driftsfinansieringa. Dermed hadde ikkje leiinga i selskapet anna val enn å gå til skifteretten. Konkursen var eit faktum.

Ideen om Moods of Norway vart fødd under eit nachspiel på Hawaii og sett ut i livet av Simen Staalnacke, Peder Børresen og Stefan Dahlkvist. Karane skapte moteklede alle ville ha, inspirert av alt frå natur til traktor og bestemor. Moods of Norway, eller stemningar frå Norge, vart ein kassasuksess, og selskapet vart på få år eit namn alle i mote-Norge hadde eit forhold til.

For lokalsamfunnet Stryn har Moods vore ein særs viktig bidragsytar i det å byggje merkevara Stryn. Selskapet gjekk til og med inn som medeigar i sommarskisenteret, men tapte nokre hundre tusen kroner på det. Den gong under mottoet tap og vinn med same sinn. For det Moods har gjort, har dei gjort med eit smil. Og dei har fått fram smilet hos andre, anten det er kundar eller kollegaer i bransjen. Eller idrettsutøvarar som har fått Moods som offisielle OL- og VM-antrekk.

Handelsstanden i Stryn har og mykje å takke Moods for. For butikkane deira har i årevis vore ein magnet på handlelystne frå nær og fjern. Noko som har kome også andre næringsdrivande til gode.

Dei næraste dagane vil gå med til å skaffe oversikt over konkursbuet og deretter starte sal til inntekt for kreditorane. Mange håpar at eldsjelene bak Moods vil ta moteikonet vidare, i ein eller annan fasong. Skal det bli vellukka, må dei sentrale aktørane i selskapet vere med. Å drive Moods vidare utan dei som er sjela i selskapet, har ikkje noko føre seg. Det vil vere trist om konkursen vert kroken på døra for alltid.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør