I dag startar hingsten Fjell-Finn frå Oldedalen den lang reisa til Belgia for å gjere teneste i den belgiske fjordhestavlen.

Fjell-Finn som var fødd i stallen til Kristen Høgalmen stod spiss i 4 – 5 års klassen på Nordfjordeid i 2016, og etter tre år i avlen har han vel 50 avkom etter seg.

– Avkoma har gjort det svært godt på unghestskua i år, men det er nok med så mange avkom på denne linja etter ein einskild hingst, seier Asle Espe ved Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid.

– Det er ein flott hingst, typisk fjording, lett i fargen og sterkbygd. Han har er god sædkvalitet, og det er viktig i ei tid med mykje leveranse av frosen sæd. I sommar har Fjell-Finn gått i eit hesteslepp i sommar sidan jonsok, seier Espe. Dei kjøpte hingsten av Ann Karin Høgalmen, og i vår vart det gjort avtale med Paul Haellert frå Belgia om kjøp av hingsten. Haellert var på jakt etter eit toppdyr. Han har 12 – 15 fjordingar og driv både med oppdrett og konkurranse.

– Belgia er det landet som legg seg nærast opp til norsk standard i fjordhestavlen, og vi har jamt med eksport til Belgia. Både drektige hopper og hingstar, fortel Espe.