Dei som trudde at den tidlegare dumpinga av bilvrak i Hornindalsvatnet var noko som føregjekk i det skjulte, må tru om att.

Fjordingen har laga film og hatt på trykk ein større reportasje i avisa om bilvrak som er dumpa i Hornindalsvatnet. Eit tips fekk oss til å bla i nokre eldre utgåver av Fjordingen, tilbake i 1977 og 1978. Funna vi gjorde viser at dumping av bilvrak ikkje berre var noko einskildpersonar fann for godtbefinnande, det var også noko kommunen på eit tidspunkt meinte var ei god løysing.

«Bilvraka i Hornindal skal senkast» står det i ein notis i Fjordingen 9. mars 1977. Det kjem fram at Friluftsnemnda i kommunen har gjort vedtak om at bilvrak i Hornindal skal samlast inn og køyrast ut på det islagde Hornindalsvatnet. «Når så isen smeltar forsvinn dei til botnet», står det vidare å lese.

I neste utgåve av Fjordingen finn vi ei annonse med overskrifta « Vil du bli kvitt bilvrak»? Her oppfordrar Friluftsnemnda folk til å melde inn bilvrak som ein ønskjer dumpa i vatnet.

Sjå filmen: Ute av syne, ute av sinn frå Hornindalsvatnet

Vidare leiting i påfølgjande utgåver avdekker forsvinnande lite reaksjonar på vedtaket. Der er rett nok ein som uttaler seg kritisk til kor gjennomtenkt vedtaket er, medan ein annan, i spalta Over telefonen, oppfordrar også stryningane til å hive seg på dumpinga. «Når honndølene får tøme søppelet sitt i Stryn burde det ikkje vere anna enn rett og rimeleg at vi fekk ei slik form for gjengjeld», seier den anonyme innringaren.

Renovasjonsutfordringar

Artiklane gjer at vi tek kontakt med Atle Tomasgard som var sentral i kommunepolitikken på den tida. Han tek oss imot heime i stova og bladar interessert i dei gamle Fjordingane. Han prøver å teikne eit bilde av tida som rådde den gongen. I 1977 var Hornindal blitt eigen kommune etter 12 år i tospann med Stryn, og mykje måtte byggjast opp frå grunnen av, mellom anna renovasjonsløysingar. Tomasgard, som den gong var Venstre-politikar, vart vald som leiar i renovasjonsnemnda i den nye kommunen.

– Vi var tre medlemmar. Ola Hessholm, Elling Seljeset og meg. Vi skulle prøve å løyse problema, men det var ikkje lett, seier Tomasgard. Dei hadde først og fremst fokus på renovasjon av hushaldsavfallet. Dei hadde oppe ulike framlegg til kvar søpla skulle lagrast, som Orremyra og eit grustak, men begge deler skapte protestar og underskriftslister, minnest han. Til slutt fann dei ei løysing med Jens Øvreberg og ei samarbeidsavtale med Stryn kommune.

– Idéen god i den tid

Men bilvraka var det verre med. Tomasgard hugsar godt det som i dag kan framstå som eit hårreisande forslag, altså å senke bilvraka i Europas djupaste innsjø.

– Det var Venstre som kom opp med forslaget om å køyre bilvraka ut på isen og senke dei, seier han. At det blir referert til som vedtak i Friluftsnemnda klarar han ikkje å erindre, men reknar med det hamna der som følgje av framlegget frå hans parti. Han ristar litt på hovudet av det i dag, men minner også om at det var ei anna tid og i mangel av dei ordningane vi har i dag.

– Det føltes sikkert greitt ut og idéen god i den tid, seier han med eit forsiktig smil.

Men det skal seiast; det vart ingenting av den annonserte dumpinga. 14. mars kan vi lese i lokalavisa «Ingenting av vrakdumpinga i Hornindalsvatnet». Årsaka skal vere at isen var blitt så tynn at det ikkje lenger var forsvarleg å køyre utpå med bil.

Tomasgard er ikkje heilt sikker på om det var den eigentlege grunnen.

– Det kom skriv frå departementet at vi ikkje kunne gjere det, seier den tidlegare aktive politikaren, som også var ordførar ein periode på 80-talet.

– No er det gode ordningar og ein kan le av dette i dag.

- KAN LE AV DET I DAG: Atle Tomasgard var leiar for renovasjonsnemnda i nye Hornindal kommune i 1977. Han sat i Venstre som fremja forslaget om å dumpe bilvrak i Hornindalsvatnet. Sjølv om det i dag framstår som eit hårreisane forslag, minner han om at dette var ei anna tid. Foto: Roy Aron Myklebust
ANNONSE: Få dagar etter vedtaket til Friluftsnemnda stod denne annonsen på trykk. Foto: Roy Aron Myklebust
AVBLÅST: Tre dagar etter annonsen vart det heile avblåst. Tynn is vart oppgitt som årsak. Foto: Roy Aron Myklebust
KJØSHAMMAREN: Her, på ca 80 meters djup, var det Fjordingen og O. E. Hagen Dykkerservice fann samlinga av bilvrak. I 1978 vart det diskutert å plassere vrak langs med vegen rundt hammaren. Foto: Roy Aron Myklebust