For første gong vert det planlagt treff for veteranar i Sogn og Fjordane.

Det er mange frå fylket som har vore på internasjonale oppdrag for landet, frå Tysklandsbrigaden til Afghanistan

– Dei fleste har kome heim igjen, men ikkje alle har kome heilt heim grunna seinskadar. Nokre ofra også livet, og familien sit att med saknet, seier Frank Rødal, Jan Harald Torvund og Vidar Kongsrud, som jobbar med organisering av veterantreff for veteranar her i fylket.

Samlast: Veteranar frå internasjonale oppdrag skal samlast på treff i haust.

Dei fortel at på Austlandet har veteranar vore flinke til å lage til Veterantreff for å møtest og hjelpe kvarandre.

– I Sogn og Fjordane veit vi ikkje om stadar der veteranar kan treffast. Difor prøver vi å få til ei forandring på dette, seier dei tre initiativtakarane.

Dei planlegg no eit treff som dei håpar skal bli det første av fleire årlege veterantreff på Vestlandet.

– Ved å lage til to helgar i året der veteranar kan treffast håpar vi å få samla oss på ein betre måte enn kva tilfellet har vore til no. Helga 29. september - 1. oktober vil det difor bli laga eit helgetreff, «Veteranar frå Internasjonale Oppdrag» med mange fritidsaktivitetar, seier Rødal, Torvund og Kongsrud i ei pressemelding.

På treffet på Fagernes Hyttesenter i Norevikane vert det fiske, RIB-båt, kano, kajakk ved fjorden, lavvo i fjellet m.m. Treffet har fått støtte og rabattar av ein del verksemder, og takkar for dette.

Til våren blir det planlagt treff for veteranar frå internasjonale oppdrag med ektefelle/sambuar og barn/barnebarn i fokus. Aktivitetane blir omlag dei same som på hausten, men barna/barnebarna skal få nokre ekstra opplevingar, fortel initiativtakarane.

– Skulle vi vere så heldige å ha igjen nokre kroner etter haustens Veterantreff vil vi prøve å handle inn ting vi vil få bruk for til våren og seinare. Ting vi kan låne ut til andre arrangement for veteranar i andre fylke, som kanoar og kajakkar. Andre kan kanskje kjøpe inn ting som vi kan ha behov for å låne, seier dei tre veteranane som står bak initiativet.

– Håpet er også å kunne hjelpe/gje opplevingar til barn av foreldre som ikkje har så god økonomi. Dei barna har også eit kjempebehov. Då tenkjer vi på eit samarbeid med Røde Kors, seier initiativtakarane.

Veterantreff Sogn & Fjordane har oppretta eiga facebookside, og oppfordrar veteranar frå Sogn og Fjordane om å delta i arrangementet.

– Pr. dato har vi passert 25 påmelde, forte Frank Rødal, Jan Harald Torvund og Vidar Kongsrud.