Teknisk sjef i Stryn kommune Jan Flore og ordførar Sven Flo orienterte formannskapet om status for tiltenkt veg i området Storesunde, samt kommunen sine ønskjer for dette området knytt til eksisterande skulebygg.

– Skulebygget står der og vi eig det. Bygget treng oppgradering, men har potensial for å avlaste det presset vi har på barnehageplassar i Stryn. Om det blir barnehage der er det og aktuelt å tenkje seg eit bustadfelt nordvest for skulen, forklarte Flo.

– Føresetnaden for at det skal byggjast noko som helst i dette området er at ny veg kjem på plass, sa Flore.

Det er ei pågåande konflikt med grunneigar i området som ønskjer fortgang i vegbygginga.

– Spørsmålet er ikkje om vegen skal byggast. Spørsmålet er når vi har råd til å bygge, sa Flo.

Det ligg 3 millionar kroner i budsjettet for start av dette vegprosjektet.