Det sa trenar Johann Sigurdsson før kampen mot Skavøypoll sist helg. No er det duka for ein ny «cupfinale», når Vik kjem til Stryn stadion.

Bortelaget Vik har ramla saman som eit korthus denne hausten. Etter å ha innkassert 23 poeng i vårsesongen har dei samla stusslege tre poeng etter sommarferien. Sist helg fekk laget bank 5–1 mot Bremanger.

Ser fram til kampen

Mads Wie, som har fått mykje fokus etter at han med vilje sette eit straffespark mot Skavøypoll langt utanfor mål, ser fram til oppgjeret laurdag.

–Berre siger er godt nok. Om vi ikkje vinn er truleg sjansen til opprykk vekke, vi må berre ta ein kamp om gongen. Vi har eit kanonbra lag og stemninga er på topp, så det blir ei spennande avslutning, seier Wie, som med sine 29 scoringar er toppscorar i Kretsligaen.

Nesten fulltalige

Johan Sigurdsson har få fråvær til kampen. Emil Allesøe er ikkje tilgjengeleg, og Agon Qitaku er framleis skada. Jonas Denk er usikker, elles skal alle andre i troppen vere klare.

Kampen blir også streama på Radio Stryn si nettside ((om du opplever problem med å spele av i Internet Explorer, prøvGoogle Chrome).