I helga går dei siste løpa i Norgescupen i orientering. På same arena blir O-idol arrangert.

O-idol er eit løp for dei 25 beste 16-åringane i landet, og Elias Bergset frå IL Veten er teken ut til langdistanseløpet som går ved Knyken skisenter i Orkdal.

– Eg håpar å gjere eit godt løp, og fullføre med lite bom, seier Elias til Fjordingen.

Storebror Isak stiller på avslutninga i Norgescupen, og sjølv om han ikkje har fått sprunge på to veker satsar han på å delta på mellomdistansen laurdag.

– Eg går for fullt og satsar på at overskot skal gje bra resultat. Vel så spennande blir det å følgje med på kva Elias kan få til, seier Isak Bergset, som har vore plaga med skader siste månadane.

Isak Bergset håpar han er i god nok form til å stille på mellomdistansen. Foto: Privat