I 2015 fekk Nav 5.196 serviceklager. I 2016 steig talet til 7.035. Ved utgangen av august i år var det komme inn 9.630 klager. Fortset klagene å komme i same tempo, vil Nav ende opp med omkring 13.000 klager i 2017, skriv Klassekampen.

– Dette er svært urovekkjande. Mykje tyder på at endringane i Nav går i klin galen retning, seier Arne Lein, forbundsleiar i Norges Handikapforbund, som også er representant i Navs sentrale brukarråd.

Navs gjennomgang av klagene viser at 40 prosent dreier seg om saksbehandlingstid, og 36 prosent handlar om rettleiing. Resten er fordelt på tilgjenge og oppførselen til Nav-tilsette.

– Det er leit at klagetalet aukar, men vi set pris på at brukarane melder frå til oss dersom dei ikkje er fornøgde. Dette er kunnskap vi brukar til å forbetre oss, seier Kjell Hugvik, tenestedirektør i Nav, til avisa.

Nav skriv på sine heimesider at dei "må gjere meir for mindre gjennom digitalisering, fornying og tøffare prioriteringar for å kunne møte veksten i talet på brukarar i åra framover".

(©NPK)