Statsministeren har karakterisert distriktsopprøret som ein myte.Men røystene frå distrikta etter stortingsvalet viser eit annabilete.

Avisa Nationen har gått gjennom valresultatet i dei minstsentrale kommunane i landet. Og valforskar Anders Todal Jenssen vedNTNU meiner utfallet viser ein klar demonstrasjon motdistriktspolitikken til regjeringa.

– Dette viser eit grovt kartover ei politisk rørsle. Å avvise dette vil vere debattsabotasje,seier Todal Jenssen til Nationen. I kategorien med dei minstsentrale kommunane har Statistisk sentralbyrå funne 149 kommunar.Her har dei raudgrøne fått 62,5 prosent av stemmene, og deiborgarlege 35,9 prosent.

Dei raudgrøne har vakse med 7,7prosentpoeng frå stortingsvalet i 2013, trass i at Ap har mistamange veljarar. Todal Jenssen får støtte frå valforskar ogstatsvitar Bernt Aardal.

– Etter valet er det framleis på sin plasså seie at det er eit distriktsopprør, seier Aardal. Gjennomgangentil Nationen viser eit klart fleirtal på raudgrøn side, sjølv omArbeidarpartiet har gått tilbake i 145 av dei 149 kommunane.Senterpartiet har gått fram i alle kommunane. Høgre har mista 5.586stemmer i dei minst sentrale kommunane samanlikna med førrestortingsval. Senterpartiet har i dei same kommunane fått 32.640fleire stemmer ved dette stortingsvalet samanlikna med 2013.

Kommunar som er definerte som minst sentrale hos SSB ligg meir enn90 minutt frå Oslo, meir enn 75 minutt frå Kristiansand, Stavanger,Bergen og Trondheim, meir enn 60 minutt frå ein tettstad med meirenn 15.000 innbyggjarar, og meir enn 45 minutts reisetid frå eintettstad med 5.000-15.000 innbyggjarar.

(©NPK)