Den tidlegare langrennsløparen Odd Bjørn Hjelmeset overtek som idrettssjef i Norges Skiskytterforbund frå neste sesong.

45-åringen tek over etter sambygdingen Morten Aa Djupvik. Sistnemnde gav seg nyleg fordi han flyttar til Kristiansand, der han har fått jobb i fotballklubben IK Start.

Hjelmeset startar i skiskyttarforbundet 1. oktober og skal den første tida gå i lære hos Per Arne Botnan. Botnan er konstituert som idrettssjef ut sesongen. Botnan har også tidlegare hatt den same jobben i skiskyttarforbundet.

– Dette blir ein viktig OL-sesong. Vi har eit bra team som er godt førebudd. Eg gler meg til å ta fatt på jobben, sa Botnan under ein pressekonferanse på Ullevaal stadion måndag.

Hjelmeset gler seg også til å ta fatt på jobben. Først frå nyttår er det han som styrer skuta åleine.

– Det er ei ære å bli spurt. Skiskyting har lange tradisjonar i Norge og har vanvitig mange gode utøvarar, sa Hjelmeset.

Den tidlegare langrennsløparen skryt ikkje nemneverdig av eigne skyteferdigheiter.

– Eg trur aldri at eg har skote på blink. Eg har aldri treft i alle fall.

Hjelmeset skal også bidra på kommersielle side i forbundet.

(©NPK)