Toppane i konkursråka Moods of Norway er mangemillionærar, medan staten er blant kreditorane. Så seint som i februar i år gjekk Innovasjon Norge inn med nytt millionlån, fortel Dagens Næringsliv.

Moods of Norway-gründerane Peder Børresen, Simen Staalnacke og dagleg leiar Jan Egil Flo måtte onsdag sjå at selskapet dei har bygd opp gjekk konkurs. Eitt av Norges sterkaste merkenamn hadde fått kronekursen mot seg, mislyktest med satsing i utlandet og gjekk tom for pengar.

Allereie tidleg i fjor haust henta selskapet inn meir pengar då klesfamilien Varner kom inn med 20 millionar kroner i byte mot ein eigardel på nesten ein firedel av selskapet. Då selskapet trengde meir pengar seinare på hausten, søkte Moods of Norway om støtte frå Innovasjon Norge til "kapitalstyrking og drift". Fem millionar kroner i risikolån skulle gå til å auke arbeidskapitalen, pengekassen som er nødvendig for å halde liv i eit selskap, ifølgje tilbodsbrevet frå Innovasjon Norge datert 28. februar 2017.

Innovasjon Norge sit no att saman med dei andre kreditorane, men har til liks med den lokale Sparebanken Sogn og Fjordane sikra seg pant i blant anna det attverande varelageret.

Totalt har Innovasjon Norge bidratt med 11 millionar kroner til klessatsinga. Innovasjon Norge er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet og fylkeskommunane. Innovasjon Norge opplyser at vilkåra knytt til lån er at "den aktuelle verksemda skal vere verdiskapande, ho skal ha betalingsevne og det skal liggje føre tilfredsstillande sikkerheit".

Forsvarar støtta

Bort sett frå dei siste åra, då dyr utanlandsekspansjon har gitt negative resultat, var Moods of Norway i mange år ei suksesshistorie. Det har gitt betydelege formuar for gründerane, skriv avisa.

Heilt sidan oppstarten i 2003 har Moods of Norway, med hovudkontor i Stryn, hatt Innovasjon Norge med på laget. Moods of Norway blei i 2013 kåra til årets bedrift av Innovasjon Norge.

– Selskapet har ikkje klart å løyse omstillingsutfordringane som det har slite med dei siste åra. Det er ikkje uvanleg at omstilling er krevjande i norsk næringsliv. Eit tap på 100 millionar kroner på nokre få år svir på botnlinja, seier direktør ved Innovasjon Noreg i Sogn og Fjordane, Halvor Flatland i ein e-post til DN.

– Sjølv om selskapet Moods of Norway no er konkurs, er historia om selskapet utvilsamt ei historie om suksessfulle gründerar som gjorde noko vanskeleg, nemleg å byggje eit norsk motemerke i ein knallhard internasjonal konkurranse, seier Flatland.

(©NPK)