Hovudlångjevar Sparebanken Sogn og Fjordane var bekymra for underskota i Moods of Norway allereie for tre år sidan, og slutta å låne pengar til selskapet.

Kjetil Bjørset, direktør for bedriftsmarknaden i banken, seier til Dagens Næringsliv at banken slutta å gi lån av nemneverdig størrelse til Moods of Norway for fleire år sidan.

– Det har ikkje vore nokon ekspansjon i dette låneforholdet dei siste to til tre åra, seier han.

Bjørset seier dei innleidde dialog då underskota begynte å dukke opp, men Moods of Norway klarte ikkje å få opp lønsemda.

– Då fell grunnlaget for kredittgjevinga bort, seier Bjørset, som ikkje vil gå inn på kor store lån banken har gitt selskapet.

Sjølv om den lokale hovudbankforbindelsen forsvann, gav Innovasjon Norge eit "risikolån" på fem millionar kroner i februar. Halvor Flatland, leiar for Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, seier det lånet var knytt til Moods of Norways kjøp av aksjar i kleskjeda Brandstad.

– Lånet har ikkje gått til å finansiere kontinuerleg driftsutgifter, slår han fast.

(©NPK)