Sidan saka om heraldikk, altså nytt kommunevåpen og ordførarkjede, for nye Volda kommune ikkje skal på sakskartet til Fellesnemnda før 16. november, vart det i sist møte vedteke at heraldikk-nemnda kan få halde fram sin jobb til 15. november. Innstillinga frå dei skulle etter opphaveleg plan vere klar i oktober.

Det er Jon Tvinnereim som er leiar for nemnda, og det var denne som også kom med tilrådinga i høve kommunenamnet tidlegare i år.