Dersom ein skule brukar meir enn fem kvardagar på å løyse ei varsla mobbesak, kan elevar og foreldre ta saka vidare til Fylkesmannen.

Sidan den nye mobbelova vart innført 1. august har det komme inn 157 meldingar til fylkesmenn forskjellige stader i Norge, ifølgje Kommunal Rapport.

Fylkesmannen i Hordaland har åleine fått inn 25 mobbesaker, noko som gjer Hordaland til verstingfylket av dei som svarte på Kommunal Rapports spørsmål. Totalt svarte 13 av 19 fylkesmenn.

– I tillegg til konkrete klager, ringjer veldig mange foreldre rådgjevarar i utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen for å få rettleiing. Dei spør blant anna korleis dei skal stelle seg til skular dersom dei ikkje får svar på meldingar, seier fungerande avdelingsdirektør Aase Kiledal hos Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder.

I elevundersøkinga i fjor svarte 50.000 barn og unge at dei opplever at dei blir plaga av medelevar og vaksne på skulen.

(©NPK)