Illustrasjonsfoto
            (Foto: NPK)

IllustrasjonsfotoFoto: NPK

Sidan ny mobbelov vart innført 1. august

Fylkesmenn har fått inn 157 mobbesaker

Sidan den nye mobbelova vart innført 1. august har det komme inn 157 meldingar frå elevar og bekymra foreldre til fylkesmennene.

Dersom ein skule brukar meir enn fem kvardagar på å løyse ei varsla mobbesak, kan elevar og foreldre ta saka vidare til Fylkesmannen.

Sidan den nye mobbelova vart innført 1. august har det komme inn 157 meldingar til fylkesmenn forskjellige stader i Norge, ifølgje Kommunal Rapport.

Fylkesmannen i Hordaland har åleine fått inn 25 mobbesaker, noko som gjer Hordaland til verstingfylket av dei som svarte på Kommunal Rapports spørsmål. Totalt svarte 13 av 19 fylkesmenn.

– I tillegg til konkrete klager, ringjer veldig mange foreldre rådgjevarar i utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen for å få rettleiing. Dei spør blant anna korleis dei skal stelle seg til skular dersom dei ikkje får svar på meldingar, seier fungerande avdelingsdirektør Aase Kiledal hos Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder.

I elevundersøkinga i fjor svarte 50.000 barn og unge at dei opplever at dei blir plaga av medelevar og vaksne på skulen.

(©NPK)

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Feira med veg-kake

Søt avslutning på årets siste formannskap etter god uttelling i RTP.

NVE seier nei til Melkevoll kraftverk

NVE avslår søknaden frå Melkevoll Elvekraft SUS om å få byggje minikraftverk i Oldedalen.

Feira med veg-kake

Søt avslutning på årets siste formannskap etter god uttelling i RTP.

Fire køyrefelt 75 meter over Nordfjorden

Hengebrua vert 1,8 km

Statens vegvesen har no dei første skissene klare for korleis den planlagde E39-brua mellom Svarstad og Frøholm vil ta seg ut i landskapet.

NVE seier nei til Melkevoll kraftverk

NVE avslår søknaden frå Melkevoll Elvekraft SUS om å få byggje minikraftverk i Oldedalen.

Stilte spørsmål om ny Strynefjellstunnel

Ivar Odnes (Sp), stortingsrepresentant og medlem av Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, stilte denne veka skriftleg spørsmål til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen om rv 15 Strynefjellet.

- Dette var fantastiske nyheiter

Jens Isehaug har grunn til å smile etter vedtak i formannskapet onsdag kveld