Fylkesordførarane Jenny Følling i Sogn og Fjordane og Pål Kårbø i Hordaland underteikna 17. januar 2017 intensjonsplanen for samanslåing av dei to fylka. Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesordførarane Jenny Følling i Sogn og Fjordane og Pål Kårbø i Hordaland underteikna 17. januar 2017 intensjonsplanen for samanslåing av dei to fylka. Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Felles fylkesting på historisk grunn

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane skal i slutten av oktober ha felles fylkestingsmøte i Gulen.

Hordaland og Sogn og Fjordane har felles historisk grunn i Gulen. Begge fylka har ei forankring til Gulatinget, som starta som allting og tingstad for Hordaland og Sogn og Fjordane. Skriftlege kjelder syner at Gulatinget var etablert allereie tidleg på 900-talet.

På det felles fylkestingsmøtet skal politikarane frå dei to fylka drøfte vegen vidare i prosessen med å bli slegne saman til storfylke i 2020.

Fylkestinga møtest først til felles debatt. Deretter går dei kvar til sitt og gjer separate vedtak i saker som er drøfta. Det er kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som kallar inn til møtet, som blir opna av statssekretær Kristin Holm Jensen.

Skal diskutere namn

Stortinget vedtok samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane i juni i år. Det felles fylkestingsmøtet er nedfelt i inndelingslova § 25, som seier at det skal gjennomførast eit slikt fylkestingsmøte så snart som mogleg etter vedtak om samanslåing.

På møtet skal dei to fylkestinga m.a. ta føre seg namn på det nye fylket. Tidlegare har forhandlingsutvala gått inn for namnet Vestlandet.

Vidare skal fylkestinga m.a. ta føre seg:

- tal medlemer i det nye fylkestinget

- kriterium for fellesnemnda

- oppretting av eventuelle andre fellesorgan

Markering Gulatinget

Dei to fylkestinga skal også besøkje Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Tingveggen her har 22 steinar reiste på høgkant som eit symbol på ein historisk møteplass. Her vert det kulturinnslag og ei markering av Stortinget si samanslåinga av dei to fylka.

Tidlegare fylkesordførarar, fylkesrådmenn og fylkesmenn samt dagens fylkesmenn vert inviterte til det felles fylkestinget, som markerer starten på det vidare arbeidet med samanslåinga.

Gulatinget har hatt hatt stor betydning i historiesamanheng. Gulatingslovene er den eldste kjende og bevarte lovsamlinga i dei nordiske landa, og dannar eit utgangspunkt for dagens lovverk her i landet.

Gulatinget var også opphavet til det første organiserte forsvaret av riket. Gulatinget vart seinare flytta frå Gulen til Bergen og heldt fram som Gulating lagmannsrett som i dag er ein rein domstol.

Meir å lese på Fjordingen:

Følg med på kjøp og sal der du bur

Få oversikt over kva eigedomar som er kjøpte og selde i Stryn og Hornindal. Dette er eit tilbod til dei som abonnerer på Fjordingen. Kartet gir oversikt over kjøp og sal av eigedom for dei siste 30 dagane.

Operaen «Sildagapet» gjekk for smekkfulle hus:

– Hjartevarmande respons!

Søndag er det klart for TV-aksjonen

Verdas største dugnad