Hanne-Marie Heggdal frå Innvik har fått fornya tillit som visepresident i Norges Røde Kors. Her saman med Sigurd Strand i Olden Raude Kross i ein annan samanheng.
            (Foto: Anne-Mari Aalberg/arkiv)

Hanne-Marie Heggdal frå Innvik har fått fornya tillit som visepresident i Norges Røde Kors. Her saman med Sigurd Strand i Olden Raude Kross i ein annan samanheng.Foto: Anne-Mari Aalberg/arkiv

Hanne-Marie Heggdal frå Innvik:

Held fram i leiinga i Norges Røde Kors

Hanne-Marie Heggdal frå Innvik er vald til visepresident i Norges Røde Kors for tredje gong. Saman med nyvald president Robert Mood skal ho leie Norges Røde Kors dei tre neste åra.

– Eg er glad for at landsmøtet ga meg fornya tillit, seier Heggdal i ei pressemelding. Ho gjekk mellom anna til val på den rolla den lokale frivillgheita i Røde Kors har, då det er der Røde Kors sin kjerneaktiviet om å avdekke, hindre og lindre naud ligg.

- Eg ser fram til å jobbe med Heggdal i det nye landsstyret, seier nyvald president i Norges Røde Kors, Robert Mood.

På landsmøtet i Haugesund 6.-8. oktober, hadde Sogn og Fjordane Røde Kors landets nest største delegasjon, men nær 40 deltakarar. Fleire hundre delegatar fra heile landet deltok for å stake ut ny kurs for Røde Kors de neste åra. Landsmøtet er det høgste styrande organ i Norges Røde Kors i den tre år lange perioden mellom to landsmøter.

Sogn og Fjordane Røde Kors fekk også inn Stian Antonsen frå Florø i Landsrådet for Hjelpekorps, som representant for region vest (Hordaland og Sogn og Fjordane). I tillegg kom Odd Erik Loftesnes, tidlegare distriktsleiar i Sogn og Fjordane, inn som medlem i Røde Kors kontrollkomité. Distriktsleiar Synøve Sande er vara til landsstyret frå Det sentrale råd.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Feira med veg-kake

Søt avslutning på årets siste formannskap etter god uttelling i RTP.

NVE seier nei til Melkevoll kraftverk

NVE avslår søknaden frå Melkevoll Elvekraft SUS om å få byggje minikraftverk i Oldedalen.

Feira med veg-kake

Søt avslutning på årets siste formannskap etter god uttelling i RTP.

Fire køyrefelt 75 meter over Nordfjorden

Hengebrua vert 1,8 km

Statens vegvesen har no dei første skissene klare for korleis den planlagde E39-brua mellom Svarstad og Frøholm vil ta seg ut i landskapet.

NVE seier nei til Melkevoll kraftverk

NVE avslår søknaden frå Melkevoll Elvekraft SUS om å få byggje minikraftverk i Oldedalen.

Stilte spørsmål om ny Strynefjellstunnel

Ivar Odnes (Sp), stortingsrepresentant og medlem av Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, stilte denne veka skriftleg spørsmål til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen om rv 15 Strynefjellet.

- Dette var fantastiske nyheiter

Jens Isehaug har grunn til å smile etter vedtak i formannskapet onsdag kveld