Måndag fremmar Sp fire forslag i Stortinget knytt til reversering av delar av kommunereforma.

Partiet håpar det eine av forslaga kan bidra til oppløysing av tvangsvedtak når dei aktuelle kommunane sjølv ønsker det, men tar ikkje til orde for ein generell regel om reversering, skriv Dagbladet.

Då kommunereforma vart behandla i Stortinget i juni, stemte Kristeleg Folkeparti imot samanslåingar som vart gjort med tvang. Sidan då er Stortingets samansetjing endra, slik at det i realiteten ikkje lenger er fleirtal for kommunetvang.

Sp foreslår at alle tvangssamanslåtte kommunar skal opplysast om at dei kan søke om oppløysing. Deretter skal regjeringa legge fram kvar enkelt søknad til individuell behandling i Stortinget.

Dermed ligg det an til at KrF må stemme motsett for at tvangssamanslåinga skal vidareførast.

KrF har ikkje tatt stilling til dei konkrete forslaga frå Sp, men uttalar at dei ønsker å følgje frivlligheitsprinisppet som ein generell regel for framtidige kommunesamanslåingar.

– Dette er i tråd med KrFs politikk. Vi gjekk inn i ei kommunereform der hovudprinsippet var fri vilje og vi valde å følgje det prinsippet heilt ut. Det same vil gjelde i denne perioden, seier KrFs kommunalpolitiske talsperson Torhild Bransdal.

KrF-talspersonen presiserer likevel at KrF og Sp er ueinige på eit punkt.

– Vi er ikkje på same reverseringslinje som Sp og gjekk heller ikkje til val på lovnad om å reverse, seier Bransdal.

(©NPK)