Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Her frå besøk i Innvik.
            (Foto: Hans Holmøyvik/arkiv)

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Her frå besøk i Innvik.Foto: Hans Holmøyvik/arkiv

KrF har nøkkelposisjonen

Sp ønsker reversering av kommunereforma

Senterpartiet ber KrF om hjelp til å reverse ulike delar av kommunereforma. Den hjelpa ser dei ikkje ut til å få.

Måndag fremmar Sp fire forslag i Stortinget knytt til reversering av delar av kommunereforma.

Partiet håpar det eine av forslaga kan bidra til oppløysing av tvangsvedtak når dei aktuelle kommunane sjølv ønsker det, men tar ikkje til orde for ein generell regel om reversering, skriv Dagbladet.

Då kommunereforma vart behandla i Stortinget i juni, stemte Kristeleg Folkeparti imot samanslåingar som vart gjort med tvang. Sidan då er Stortingets samansetjing endra, slik at det i realiteten ikkje lenger er fleirtal for kommunetvang.

Sp foreslår at alle tvangssamanslåtte kommunar skal opplysast om at dei kan søke om oppløysing. Deretter skal regjeringa legge fram kvar enkelt søknad til individuell behandling i Stortinget.

Dermed ligg det an til at KrF må stemme motsett for at tvangssamanslåinga skal vidareførast.

KrF har ikkje tatt stilling til dei konkrete forslaga frå Sp, men uttalar at dei ønsker å følgje frivlligheitsprinisppet som ein generell regel for framtidige kommunesamanslåingar.

– Dette er i tråd med KrFs politikk. Vi gjekk inn i ei kommunereform der hovudprinsippet var fri vilje og vi valde å følgje det prinsippet heilt ut. Det same vil gjelde i denne perioden, seier KrFs kommunalpolitiske talsperson Torhild Bransdal.

KrF-talspersonen presiserer likevel at KrF og Sp er ueinige på eit punkt.

– Vi er ikkje på same reverseringslinje som Sp og gjekk heller ikkje til val på lovnad om å reverse, seier Bransdal.

(©NPK)

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Feira med veg-kake

Søt avslutning på årets siste formannskap etter god uttelling i RTP.

NVE seier nei til Melkevoll kraftverk

NVE avslår søknaden frå Melkevoll Elvekraft SUS om å få byggje minikraftverk i Oldedalen.

Feira med veg-kake

Søt avslutning på årets siste formannskap etter god uttelling i RTP.

Fire køyrefelt 75 meter over Nordfjorden

Hengebrua vert 1,8 km

Statens vegvesen har no dei første skissene klare for korleis den planlagde E39-brua mellom Svarstad og Frøholm vil ta seg ut i landskapet.

NVE seier nei til Melkevoll kraftverk

NVE avslår søknaden frå Melkevoll Elvekraft SUS om å få byggje minikraftverk i Oldedalen.

Stilte spørsmål om ny Strynefjellstunnel

Ivar Odnes (Sp), stortingsrepresentant og medlem av Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, stilte denne veka skriftleg spørsmål til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen om rv 15 Strynefjellet.

- Dette var fantastiske nyheiter

Jens Isehaug har grunn til å smile etter vedtak i formannskapet onsdag kveld