Sogn og Fjordanefylkesbibliotek presenterer og delar erfaringar frå prosjektet«Lesarhistoria – ny veg til lesaren» i Oslo 9. november.

Dei sistetre åra har Fylkesbiblioteket samarbeidd med Høgskulen i Oslo ogAkershus og fem kommunar i Sogn og Fjordane om dette prosjektet.

Dei har sett på korleis det er mogleg å utvikleformidlingspraksisar med utgangspunkt i lesarhistoriene til barn ogunge. Målet har vore å auke kunnskapen om korleis bibliotek, skularog barnehagar kan samarbeide for å skreddarsy formidlinga til deneinskilde.

Prosjektet vert avslutta no i år, og i samband med detskal det presenterast på Høgskulen i Oslo og Akershus på eit seminar som er ope for alle.