I ein tungtransportkontroll utført av Statens vegvesen ved Kjøs bru måndag fekk tre køyretøy bruksforbod på grunn av gjenstandar ifrontrute/siktsone. Gjenstandane måtte fjernast før dei kunne køyrevidare.

To sjåførar fekk skriftlege advarslar for mindre brot på køyre- ogkviletida, og ein sjåfør vart pålagd døgnkvil på staden for brot på køyre-og kviletida.

I alt vart 16 køyretøy kontrollerte.