– Det ligg ikkje inne noko spesifikt om Strynefjellet i statsbudsjettet. Det kan vere positivt i forhold til ny tunnelløysing, men ny løysing ligg samtidig langt fram i tid.

Det seier Svein Sunde i Gode vegar, som meiner at statsbudsjettet som vart lagt fram torsdag var som forventa når det gjeld vegen over Strynefjellet.

– På grunn av plansituasjonen der rv 15 ikkje er vedteke enno er ein ikkje komne så langt at det kan tildelast midlar. Budsjettet er som forventa. Det einaste ekspansive er at vegselskapet Nye vegar har fått vesentleg påplussing, men dei har ikkje prosjekt i vårt område, seier Sunde.

Regjeringa vil setje av midlar til tiltak for gang- og sykkelveginspeksjon på riksveg 15. Vidare er det prioritert midlar til busslomme ved Ytreeide i Stryn.

Vedlikehald av tunnel

Fleire millionar kroner innanfor tunnelvedlikehald er sett av i statsbudsjettet. Vegdirektør Terje Moe Gustavsen skriv i ei pressemelding at budsjettforslaget gir tre milliardar kroner til vedlikehald av riksvegane i landet.

– Samla sett vil etterslep i vedlikehald på riksvegnettet bli redusert, og forfall i tunnelar blir stansa. Ei så stor prioritering av tunnelane vil dessverre bety at forfallet vil auke noko på bruer, kaier, drenering og vegutstyr, seier vegdirektøren. Det skal brukast 2,3 milliardar kroner til fornyingstiltak som i hovudsak går til arbeid med å sørge for at tunnelane oppfyller krava i tunnelsikkerhets- og elektroforskrifta, går det fram av pressemeldinga til vegdirektøren.

– Eg merkar meg at vegdirektøren påpeikar etterslep på postar når det gjeld vedlikehald. Men no skal dette ein runde i Stortinget, og vi veit meir i midten av desember når endeleg budsjett blir vedteke. Men lysa i Strynefjellstunnelane blir truleg utbetra, seier Svein Sunde.