I dag torsdag 12. oktober kl 10 blir forslag til statsbudsjettet lagt fram.

Om lag 30 ordførarar, rådmenn og andre kommunale leiarar i fylket er påmeld til Fylkesmannens statsbudsjettdag på Statens hus i Leikanger.

Kva er dei største endringane frå tidligare års budsjett, og kva verknader får statsbudsjettet 2018 for kommunane i Sogn og Fjordane?

Følg sendinga frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane direkte i nett-TV frå kl. 11.15.

Fakta om statsbudsjettet:

* Statsbudsjettet er eit overslag over inntektene og utgiftene i eit budsjettår. Det fastset også satsane for innkrevjing av skattar og avgifter. Det blir samtidig lagt fram eit nasjonalbudsjett, som er ei mengde anslag for heile den økonomiske utviklinga og er styrande for rammene i statens eige budsjett.

* Regjeringa er avhengig av støtte frå Venstre og KrF for å få budsjettet gjennom i Stortinget. Dei fire borgarlege partia vil starte sine budsjettforhandlingar i byrjinga av november.

* Etter at finansministeren har lagt fram budsjettforslaget og halde finanstalen, jobbar komiteane på Stortinget og dei ulike partigruppene vidare med statsbudsjettet. Finanskomiteen samordnar arbeidet. Innan 20. november kjem komiteen med ei finansinnstilling, som skal behandlast i Stortinget innan ein veke. Då blir også finansdebatten gjennomført, årets kanskje viktigaste debatt.

* Parallelt med dette går føre seg forhandlingar mellom regjeringspartia Høgre og Frp og støttepartia KrF og Venstre.

* Etter behandling av finansinnstillinga er inntekter og utgifter fordelt på dei ulike rammeområda. Dei andre komiteane kan då berre gjennomføre omdisponeringar innanfor den vedtatte ramma.

* Budsjettinnstillingane frå alle komiteane skal vere ferdig behandla i Stortinget seinast 15. desember.