Førre veke var det møte mellom Stryn kommune, naboar av Per Bolstad plass, Stiftinga Heradsheim, Ping Pong klubben og ordførar i Stryn, Sven Flo.

Ifølge Plan og næringssjef Geirmund Dvergsdal har startskotet gått for nye Per Bolstad plass.

– Det var eit veldig konstruktivt møte. Vi er no samde om vegen vidare for detaljplanlegging av plassen. I løpet av oktober skal denne planen vere klar, seier Dvergsdal som legg opp til ein anbodsrunde i november.

Skisse Slik ser planen for Per Bolstad plass ut per i dag. Foto: NORDPLAN

- Om alt går etter planen vil opparbeiding av Per Bolstad plass starte i mars 2018, seier Dvergsdal, som og har ein frist på dette arbeidet.

Vilkår – Vi har eit vilkår om at arbeidet skal stå ferdig innan 1. juni 2018, seier plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal. Foto: Roger Oldeide

Det partane skal ha blitt samde om er å fjerne murane rundt Per Bolstad plass. Sentrumsplassen skal hevast og det skal leggast på nytt dekke. Kva dekket skal bestå av er ikkje klart men det vil bli stein av eit slag, fastslår Dvergsdal.

Ping Pong klubben, som er storforbrukar av sentrumsplassen, kommenterer møtet i svært positive ordlag.

Sentrumsplassen blir nytta i ei rekkje festelege høve Foto: Thomas Thaule

– Partane hadde ei felles forståing for korleis plassen skal nyttast. Det er tydeleg at Stryn kommune no posisjonerer seg for det som skjer i Stryn, seier Flo.